1 av 12: George Gamal er ein av tolv studentar som er ferdige med presteutdanninga si ved Det evangeliske teologiske fakultetet i Egypt. I tillegg har «Bibelverda» gjennom sommaren møtt tusenvis av barn gjennom ein mobil turné. |
Kjære kyrkjelyd som samarbeider med NMS om misjon!
George Gamal blei ferdig med presteskulen i år, og skal byrja som prest i ein liten landsby sør i Egypt. Dei kristne i landsbyen ser fram til det, for dei har vore utan prest i tre år. I fjor hadde George praksis der, og han gler seg til å komma tilbake, og det han brenn særleg for, er å komma i kontakt med ungdom som fell utanfor.
George er ein av tolv studentar som er ferdige med presteutdanninga si ved Det evangeliske teologiske fakultetet i Egypt, som de er med og støttar gjennom misjonsavtalen med NMS. Tolv høyrest ikkje så mykje ut, men husk at den verdsvide kyrkja starta med tolv apostlar!
George utdanna seg først som sosialarbeidar, og fekk arbeid som miljøterapeut i ein barneskule. Der fekk han god kontakt med barn og ungdom, og inviterte dei med i kyrkja. Det var slik han opplevde eit kall til å bli prest. Det var ikkje så lett å studera under pandemien, då alt måtte vera nettbasert, men han er glad for at han heldt ut. Samtidig lærte skulen at det nettbaserte studiet opna nye muligheiter.
Sidan George starta utdanninga si for fire år sidan, har det teologiske fakultetet vakse frå 300 til meir enn 650 studentar i ulike program som til dømes teologi, media og leiarskap og arabisk kristen kulturhistorie. Med den nettbaserte undervisninga kan studentar frå heile den arabiske verda delta. Dei som blir utdanna, blir sett i stand til å tena kyrkja og samfunnet i ein del av verda der mange treng å bli kjent med Guds kjærleik gjennom Jesus Kristus. NMS har støtta Det evangeliske teologiske seminaret i Kairo sidan 2007.
På turné med Bibelverda
Tusenvis av barn har gjennom åra hatt gleda av å besøka opplevelses-senteret «Bibelverda» på hovudkvarteret til det egyptiske Bibelselskapet i Kairo. Men langt frå alle barn i Egypt har høve til å reisa inn til hovudstaden. Derfor har Bibelselskapet laga ein mobil versjon av det populære tiltaket deira. På turneen i vår hadde dei fire arrangement sør i Egypt, og det femte var i søppellandsbyen i Kairo. Berre på eit par veke fekk meir enn ti tusen barn gleda av å bli kjent med Bibelen på ein personleg og veldig engasjerande måte, og no i sommar har det fortsatt mange andre stader. Gjennom møtet med «Bibelverda» får borna bli trygge på at Bibelen er ei bok som er til å stola på.
I videoen under, som blei laga for nokre år sidan, kan de sjå ein video som fortel meir om «Bibelverda». |