Use Your Talents vert no undervist som faste modular på tre bibelskular som utdannar pastorar i Mali.
USE YOUR TALENTS: Mali-misjonær Frode Brügger Sætre, Danaya Goïta og det yngste bornet hans. |
Å ha talent og å bli entreprenør |
Kjære kyrkjelyd som samarbeider med NMS om misjon. I juni inviterte seks kyrkjelydar i hovudstaden Bamako i Mali ungdommane sine til seminar. 51 unge kom for å høyra Danaya Goïta undervisa om temaet «Kvifor og korleis kan du vera entreprenør?»
Danaya Goïta jobbar for MELM, NMS sin samarbeidsmisjon i Mali, og har ansvar for det NMS-utvikla programmet som heiter Use Your Talents. Tilbakemeldinga på undervisninga var svært god. Fleire av deltakarane har ringt han i etterkant og seier at dei aldri har tenkt på at å arbeida og vera skapande er eit mandat og ei oppgåve frå Gud, og at me menneske er Gud sine medarbeidarar. Dei er vande med at mykje kristen undervisning handlar om tilgjeving, frelse og evig liv, og om kva som er god moral i dette livet. No høyrde dei at kristen tru også handlar om å forvalta, byggja og skapa utvikling i og rundt seg.
Kyrkjelydane i Bamako Coura, der dei unge kom frå, hadde invitert Danaya til å snakka om entreprenørskap fordi det er svært aktuelt i Mali. Landet har mange unge og det er få arbeidsplassar. Leiarane i kyrkjelydane hadde høyrt at MELM har eit undervisningsopplegg som oppmuntrar folk til å ta tak i eigne talent og ressursar, for å skapa framgang og verdiar både i eige liv og i kyrkjelydar sine liv. I ettertid av undervisninga har dei unge initiert inntektsskapande aktivitetar. Nokon har til dømes nytta sine talent i informasjonsteknologi til å laga ei internettside der dei annonserer utleigeleilegheiter.
|
|
|
UNDERVISNING: Her er gruppa frå Bamabo Coura som fekk undervisning i Use your talents. |
|
|
Danaya Goïta er kjent som Mr. Use Your Talent i kristne miljø i Mali, og vert stadig invitert til å undervisa i ulike samanhengar. Ofte er det lokale kyrkjer som inviterer han. Av og til inviterer kyrkjelydane også ordførarar, landsbysjefar og imamar til å delta. Danaya fortel med eit smil at ein imam som deltok på undervisninga hans nært byen Dioïla, vart så begeistra at han nytta noko av det bibelske innhaldet i undervisninga i den neste fredagspreika si i moskeen. Use Your Talent er med å byggja bruer mellom kristne minoritetskyrkjer, muslimske naboar og lokale styresmakter.
Use Your Talents vert no undervist som faste modular på tre bibelskular som utdannar pastorar i Mali. Det har også spreidd seg frå Mali til Guinea, der Danaya har vore fleire gonger det siste året og undervist både pastorar, lokale misjonærar og studentar knytt til studentlagsrørsla i landet.
Danaya Goïta er overtydd om at Use Your Talent er viktig i utviklinga av Afrika:
– Use your talents gjev oss bibelske prinsipp for å skapa utvikling. Og så har den eit godt fokus på praksis meir enn teori. Ver med og be for:
- Danaya Goïta.
- Utviklinga av Use your talenta i Mali og Guinea.
|
|
|
| Med vennlig hilsen Frode Brúgger Sætre Misjonær, Mali
|
|
|
Gode Gud. Vi ber om at pengene som er samlet inn her i dag skal bidra til at din kirke på jorden vokser og at mennesker får oppleve godhet og håp i sine liv.
Her kan du lese og laste ned NMS sin offersøknad for 2025 |
|
|
Bli med på årets Giving Tuesday 3. desember!
|
Ønsker du at barn og ungdom skal involveres i menighetens misjonsavtale på en god måte? Da er Giving Tuesday redskapet for din menighet! |
|
Sammen som kirke i hele verden
|
Aksjon for din menighets misjonsprosjekt fra Kristi himmelfartsdag til St. Hans. Bli inspirert på denne siden og sett aksjonen inn i din menighets årshjul allerede nå! |
|
|
Finn informasjon og ressurser knyttet til menighetens misjonsavtale. |
|
|
Helt siden 1842 har NMS jobbet for å utrydde fattigdom, bekjempe urettferdighet og dele troen på Jesus.
|
Hold deg oppdatert på NMS-arbeidet i landet |
|
|
|